Vi visste om deg, men vi kjende deg ikkje, Nelson Tebey, vårt liberiske borgarkrigsbarn, vår sambygding og dårlege samvit.
Farlaus og morlaus og med røtene i ein sekk av traumer kom du til ditt frostige nye fedreland.
Dine hender var svarte, Nelson Tebey, barn av vår eldgamle ætt, Guds minste.
Liksom Abraham din venn reiste du langt. Berre Gud veit kor lite vi visste.
Men Gud visste og du sjølv visste, Nelson Tebey, kor lite vi visste. * Nelson vart gravlagd på Hareid kyrkjegard fredag 2. desember 2016 etter å ha vore råka av ein krass kreftsjukdom.
Han spelte fotball på Hjørungavåg sitt sjuarlag – og du såg han ofte reinske ugras i kommunen sine blomsterbed. (Frå dikt- og fotoboka «Brestar og blikk»)