Forfattar Leiv Arne Grimstad f. 1951 i Hareid har hatt ein lang yrkeskarriere som journalist i lokalavisene Vestposten og Vikebladet/Vestposten - og har elles skrive ei rekke bøker og artiklar i ulike sjangerar. Han debuterte «utanskjers» med essayet «Den gode hyrdingen og dei nittini sauene» i antologien «Eit våpen mot vanen» (Samlaget, 1982). I Møre og Romsdal Forfattarlag sine antologiar har han hatt på trykk «Innvik Ullvarefabrikk» (Springflod, Vista 1992) og «Dosetten» (Flyge lågt over fluda, Blomsterhaug 2026).
Bokutgjevingar:
«Audun i Kirsebærlunet», barnebok, Gyldendal 1986 «Gullhestane», barne- og ungdomsbok, Gyldendal 1989 «Gamle Hareidsdalen», red. – bildebok, utgj. Hareid IL Friidrett 1989 «Sunnmørsalpane Tindelandet», fjellbok, Vista 1995 «Peresletta», misjonsbok frå Kamerun, Luther 1997 «Hareid IL i 75 år», red. 1997 «På veg mot stjernene», barnebok, Gyldendal 2000 «Det store lyset», konfirmasjonsbok, Solhagen 2001 «Imagio Terra», v/ psevdonymet Fil Melshornbakke, Solhagen 2001 «Pilegrim i Frankenland», Solhagen 2004 «Blåne til blåne», Det norske vandrelaug gjennom 20 år, Solhagen 2011 «Brestar og blikk», dikt og foto, Solhagen 2018 «Den gongen eg bygde hønsehus», artiklar, Solhagen 2021¨ «Hareid IL i 100 år», red. 2022 «Så lenge det er luft i meg», barnebok, Solhagen 2026